Husmannsliv i Vinnesholmen
Vinnesholmen, også kalla «Hjemmeholmen», var felleseige mellom dei seks hovudbruka på Vinnesgarden - gnr. 78. Desse gardane hadde vorte sjølveigarar i 1796 etter å ha vore under både Alle Helgens Kyrkja i Bergen og familien Leganger på Ferstad i Os. Det har budd plassfolk i Vinnesholmen frå om lag 1800.
Plassfolka
Dei eldste plassfolka me kjenner til var Vigleik Olson Hjertnes Vindenes (1758-1841) og Kari Halvardsdtr. Skòte (1769-1843). Etter det me kjenner til hadde dei fem døtrer.
Den eldste dottera, Magdele (1795-1890) gifta seg i 1824 med John Johnson Ljotun d.e. (1801-74). Dei festa plassen i Vinnesholmen i 1842.
John hadde ein son, John Johnson d.y. (1820-98), før han gifta seg med Magdele. I 1847 slo yngstesyster til Magdele, Anna (1803-88), seg i hop med denne ungdommen. Han var då 27 år og ho 44 år. Det er nærliggjande å tru at dette var eit fornuftsekteskap for å sikra begge retten til å verta buande i Vinnesholmen, og dei feste då òg Holmen i 1863. Gamle-John døydde i 1874. Anna døydde i 1888 og John den yngre vart att i Vinnesholmen saman med stemor si, Magdele. Ho vart 95 år gammal og levde heilt til 1890. John den yngre vart buande i Holmen som kårmann. Han døydde i 1898.
I oktober 1890 festa Hans Engelson Vindenæs og hustru Vinnesholmen for livstid. Men «livstid» vart i dette høvet ikkje langvarig: alt i 1892 kom det nye festarar i Holmen.
12.05.1892 fekk Engelina (f. 1862) og Lars Olson Vindenes (f.1863) festesetel på Vinnesholmen. Engelina var husmannsdotter frå plassen Haugane eller «Galanten», som han heitte på folkemunne, under bruk 2 på Skåte. Lars kom frå Halhjem i Os. Mor til Engelina, bergensdama Johanna, flytta også ut i Vinnesholmen som kårkone. Ho døydde i 1916.
Engelina og Lars fekk 5 born: Thomas Olai (f. 1888), Karl Johan (f. 1890), Anna Randine (f. 1896) - ho døydde av tuberkulose i 1924 - Engel Laurents (f.1900) og Elisa Henriette (f. 1903) - Liso.
Dette vart den siste husmannsfamilien i Vinnesholmen.
I 1930 fekk Liso skøyte på at Vinnesholmen var hennar til odel og eige.
Liso var gift fleire gonger, men hadde ikkje born. Den første mannen hennar, Ole Hansson Solend frå Manger, var 12 år eldre enn henne. Han døydde berre 42 år gammal i 1933. Liso gifta seg seinare med Bård Fosse frå Samnanger.
Plikter og rettar for husmennene
Som me såg ovanfor hadde plassfolket i Vinnesholmen heile seks husbønder å forhalda seg til, men kva kår hadde dei? Me skal sjå kva to av husmannskontraktene frå Vinnesholmen fortel oss om rettar og plikter.
Husmannssøner eller døtrer kunne ikkje arva plassen etter foreldra, dei måtte festa han på nytt og betala bygsel eller festeavgift. Då Magdele og Gamle-John feste Vinnesholmen etter foreldra hennar i 1842, var bygselavgifta 60 spesiedalar for bygsel på livstid. Dersom mannen fall frå, kunne Magdele berre halda på retten til å bu i Holmen så lenge ho ikkje gifta seg på nytt - endå det var ho som kom ifrå Vinnesholmen! Denne avgrensa retten til husmannsenkjene går att i husmannskontraktene i vårt distrikt.
Om vilkåra elles vert det slått fast at husmannen sjølv må skaffa dei husa han treng, og dei vert då hans eigedom. I utmarka til Vinnes-gardane har husmannen rett til å ta brakje til brensel og til fritt beite for ei ku.
På pliktsida skal husmannen vera med på gjerdearbeidet på garden ein dag i året, han skal betala to speciedalar årleg i leige for plassen og han skal vera husbøndene «hørig og lydig».
Pliktarbeidsbøra var altså nærast symbolsk, slik ho ofte var innan husmannsvesenet på Vestlandet.
I 1890, då Hans Engelson feste plassen, var festesummen 550 kroner. Den årlege avgifta var sett til 8 kroner. Pliktarbeidet hadde auka til to dagsverk med gjerdearbeid. Arbeidet skal no utførast på eigen kost.
Brenselsrettane til husmannen er dei same som i 1842, men beiterettane har vorte utvida: no får han ha to kyr på sommarbeite i felles utmark, og om våren får han ha så mange sauer som han kan fø over vinteren på beite på fastlandet saman med Vinnes-gardane sine eigne sauer, til dei skal sleppast på anna beite.
Levekår
Plassfolket i Vinnesholmen hadde lite å brødfø seg på. I 1866 - då Anna og John d.y. var plassfolk i Holmen og Magdele og Gamle-John truleg var kårfolk - heiter det at Vinnesholmen hadde 1 mål dårleg åker, 3 mål middels og 15 mål dårleg england, og at dei fødde 3 kyr og 8 sauer.
I 1900 er det oppgitt i folketeljinga at det vart dyrka korn og poteter på plassen i Vinnesholmen, og at dei hadde kyr og høns.
Plassfolket kunne nok ikkje leva av jorda og den vesle buskapen, sjølv om dei hadde lært å klara seg med lite. Dei var avhengige av å ha attåtarbeid. Husmann Lars Vindenes hadde arbeid på teglverket på Vinnes og hadde dermed ei fast kontantinntekt.
Teglverket sysselsette 26 arbeidarar i 1900 og 20 i 1905 og var ein viktig arbeidsplass ikkje minst for husmennene på Vinnes og Skjørsand. I femårsperioden 1906-1910 var dagløna for teglverksarbeidarane kr. 2,25 om sommaren og 2 kroner om vinteren. Dette var mellom dei lågaste daglønene innan handverks- og industribedriftene i Hordaland den gongen, men det var nokolunde likt med dagløna for arbeidarane i tønne-, dunke- og smørfabrikkane i Eikelandsosen. Og sjølv om løna var lita, har ho vore eit svært viktig tilskot til hushaldsøkonomien for familiane til teglverksarbeidarane.
Kvinnene på husmannsplassen hadde sesongarbeid under sildasaltinga og hjelpte nok elles til i onnearbeidet på fastlandet.
Kårordninga
Korleis greidde plassfolket seg når dei vart gamle og ikkje kunne driva husmannsplassen
Og så skulle kårmannen ha «omhyggelig Tilsyn og Pleie, samt frit Lys og Ved, saalenge han bor i samme Hus som undertegnede Husmand,» heiter det i kårkontrakten.
Fotos tatt av: Roger Hoel

Huset og stranden sett fra sør.

Huset og låven sett fra sørvest, her er det mulig å kjøre
helt opp for lasting og lossing av baggasje.

Huset sett fra sør, med koselig platting og inngang til kjøkken.

Huset sett fra nord, hovedinngang og uthus med dusj og wc.

Stranden.

Naustet og snuplass hvor en kan parkere når en leier huset.

Låven sett fra nordøst.

Leieinntekter går direkte til vedlikehold av hus og eiendom.
Her ser vi behov for litt vedlikehold.
Fotos tatt av: Helene Sofia Lie

Foto illustrerer utsikt fra badestranden i retning sydøst mot båthavnen.
Perfekt strand, sikkert trygt og fredelig for de minste barna.

Foto illustrerer utsikt fra huset på Vinnesholmen i retning mot sør, hvor Tysnes
skimtes i horisonten.

Foto tatt fra stuen i huset på Vinnesholmen. Alle vinduer i huset ble på dugnad
skiftet ut sommeren 2010.